Entanglement entropy in systems with topological order
Åsmund Vågslid
Abstract
Vi undersøkjer bikakemodellen til Kitaev. Den har eigenskapar som legg til rette for topologisk kvanterekning, og har difor vakt interesse. Vi går gjennom to kjende framgangsmåtar for å diagonalisere Hamilton-operatoren til eit system av frie Majorana-fermionar på ein statisk bakgrunn av $\mathbb{Z}_2$-variablar. Vi følgjer tidlegare resultat, og finn samanfiltringsentropien til tilstandane ein får frå desse utrekningane, og identifiserer det topologiske bidraget til entropien. Så følgjer vi ein perturbativ framgangsmåte, føreslege av Kitaev, der ein lèt éin av koplingskonstantane dominere over dei andre. Dette gjer oss i stand til å skildre bikakemodellen som toruskoden, og vi kan finne ein basis for underrommet av dei perturbative grunntilstandane av systemet definert på ein endeleg sylinder. Tilstandane i basisen vert klassifisert ved hjelp av energilause eksitasjonar på kantane av sylinderen. Vi nyttar denne basisen for å undersøkje korleis samanfiltringsentropien til ein tilstand avheng av utviklingskoeffisientane til tilstanden. Til dette nyttar vi ein gruppeteoretisk metode introdusert for å handsama toruskoden. Vi gjer au denne utrekninga for ei oppdeling av torusen som ikkje vart handsama i artikkelen metoden vart introdusert i, og reproduserer eit kjent resultat ved hjelp av ein annan metode. I tillegg nyttar vi Schmidt-dekomponering til å rekne ut korleis samanfiltringsentropien avheng av utviklingskoeffisientane numerisk for eit utval tilstandar. Enkle basistilstandar er minsteentropitilstandar med eit topologisk bidrag til entropien på $-\log 2$. Samanfiltringsentropien for ei oppdeling som har ei rand som har eit like vindingstal om sylinderen er alltid minimal, med det same topologiske bidraget $-\log 2$, uavhengig av tilstanden. Dette er ikkje tilfellet for ei oppdeling med ei rand som har odde vindingstal om sylinderen. Men, lineærkombinasjonar som berre inneheld basistilstandar med dei same energilause eksitasjonane på den eine kanten til sylinderen er minsteentropitilstandar. Lineærkombinasjonar ein kan skrive som ein enkel basistilstand i Schmidt-basisen er au minsteentropitilstandar.